- No er det på tide at skulen snakkar politikk så elevane forstår

Troya Emilie Isdahl (15) vil ha flere politisk engasjerte ungdommer - og oppfordrer skolene til å engasjere.

KRONIKK: Troya Emilie Isdahl (15) med god hjelp fra Runar Chang Nordgård (15)

Ein ting eg høyrer omtrent kvar veke er «Skjønner ikkje dette eg.» eller «Følgjer du faktisk med på det?» når eg snakkar om politikk. Og som engasjert ungdom er det ikkje noko som gjer meir vondt enn det.

Eg kjennar ein som heiter Runar Chang Nordgård, som er 15 år og sit som leiar i Stjørdal Ungdomsråd. I tillegg til dette, er han medlem i Ungdommens Fylkesutval og har vorte Ungdomsskole Ansvarlig i EO Trøndelag. Ein av dei største hobbyane hans er politikk og samfunnsengasjement, og han har gått heilt lei av at ungdommar heng bak i politikken. 

Han møtte eg då vi begge var med på ein “miljøcamp” og vi begge fekk god kontakt og byrja å diskutera politikk. Vi fann fort ut at vi ikkje hadde like synspunkt men var veldig ivrig på å diskutera. Det var då eg fann ut at eg ville byrja å interessera meg for politikk. Eg melde meg fort inn i “rødt” og eg fekk endeleg moglegheita til å vera med å diskutera. Eg fekk sagt meiningane mine og eg vart endeleg høyrt.

I april 2019 deltok Runar for første gong på årsmøtet til Elevorganisasjonen i Trøndelag. Det var det første innblikket han hadde i skulepolitisk engasjement. Før det, trudde han samfunnet fungerte sånn som elevråd på skulen: Elevane foreslår noko, viss ein liten del vaksne er usamde, kan det ikkje gjennomførast. Han trudde at ungdomspolitikk berre var eit falskt lite liksom-demokrati der vi fekk spørja om noko av og til. Men på årsmøtet endra det seg.

I den første ordentlege kontakten hans med EO, merka han at vi har moglegheit til å endre. Den helga var han i same rom som fleire titals engasjerte ungdommar der nokon har slite dag inn og dag ut for å få gjort skulen vår betre. Då kom engasjementet hans.

Dette trur eg er noko regjeringa har merka, og med det er det lagt inn eit nytt fag på læreplanen – demokrati og medborgarskap. Men korleis trur dei faget eigentleg vil bli implementert? Vi har hatt noko om demokrati, stortingsval og kommuneval så lenge eg kan hugse eg har gått på skulen, noko eg er veldig takksam for, men det er eit problem kvar gong vi har det: Vi ungdommane har veldig mykje å seia, men vi får veldig sjeldan sjansen. Den eine plassen alle ungdommane veit om der dei kan seia noko, er elevrådet. Men per i dag er dei fleste elevråda berre liksom-demokrati som skulane berre har fordi dei er lovfesta. Så kvifor skal vi ikkje få seia det i demokrati-timane?

Samfunnet er i konstant endring. Kvart fjerde år blir det valde ei ny regjering i Noreg som kanskje meiner noko anna. Kvar veke, viss ikkje kvar dag, kjem det nye saker, og i nesten kvar einaste sak, har ungdommane noko å seia. Men korleis? I Noreg har vi eit ganske bra skulesystem. Vi får opplæring i viktige fag som vi kan få bruk for seinare, uansett om det er i jobb eller til å leva i det norske samfunnet. Det kan vera naturfag så vi forstår kvifor noko er sant, som klimaendringane eller norsk og engelsk så vi lærer å kommunisera. Men det manglar noko: Vi må få inn meir politikk på læreplanen.

I kommunelova §5-2 står det mellom anna at alle kommunar og fylkeskommunar skal stifta og halda oppe eit ungdomsråd. Men dette blir jo aldri nemnt. Vi må byrje og informere ungdommar om korleis dei kan vera med å påverke partipolitikken. Fordi ein må ikkje tilhøyre eit politisk parti for å ha ei meining, og politikk er berre meiningar om kva og korleis vi skal bruka pengar. Så kvifor skal ikkje vi få delta der?

Det vanlegaste argumentet i mot å la ungdom delta i samfunnet er mangel på livserfaring, men la meg spørja dykk: Er livserfaring og kor lenge du har gått på «den harde skulen til livet» det viktigaste?

I tidleg februar 2020 vart ei gruppe kalla Folkeopprøret mot Klimahysteriet stiftet. Denne gruppa vart stifta av ein på 69 år som sjølv har stadfesta på Politisk Kvarter 20. februar at han ikkje trur på klimaendringane og meiner at det ikkje er sant. Det vil seie at denne personen har sjølv stadfesta at han ikkje trur på vitskaplege beviste fenomen fordi han føler og meiner noko anna. Eg nemnde at denne personen har deltatt på Politisk Kvarter. Det vil seia, at denne personen som leiar ei gruppe på per dags dato om lag 166 000 medlemmer. Gruppa er høgt prega av sensur og er fleire gonger viste til å vera eit ekkokammer.

Så er alder og livserfaring eigentleg den store faktoren?

Elevorganisasjonen er ein interesseorganisasjon og ei form for fagforeining for skuleelevar. Denne organisasjonen består av berre elevar, lærlingar og studentar. Elevorganisasjonen har bidratt til noko av det den norske skulen er mest stolt av å ha, gratisprinsippet. I 2015 vart det foreslått på Elevtinget å endra faginnholdet på læreplanen. I 2019 vart det vedtatt å gjere ei endring i læreplanen. Dette har Elevorganisasjonen kjempa for heilt sidan 2015, og har vorte gjennomført av berre ungdommar heilt til stortingsvedtaket vart ført.

Fjorårets leiar høyring, Alida de Lange D'Agostino, deltok nyleg på ei stortingshøyring ved saka om fritt skuleval. Ho er 20 år. Så då spør eg igjen, er livserfaring så stor faktor?

Svaret mitt er nei, og med det oppmodar eg alle lærarar og lærarstudentar til å ta initiativet sjølv, å gjera ei endring. Ikkje ha demokrati og medborgarskap som noko dei les opp frå papiret. Gjer det engasjerande, og gi det ei meining. No treng vi engasjert ungdom, meir enn nokon gong før.

© Copyright 2018 SIKT på Åsheim
Levert av Rena Media DA